Blogg

img_3197

Leiar`s blogg

Blogg 2, mai  2020

Litt om situasjonen for Rommetveit Båtlag under Covid-19 pandemien.

2020 starta på tradisjonelt vis med forsiktig planlegging av dugnadsarbeid, aktivitetar og gjeremål for vår, sommar og haust. Styremøta gjekk som normalt, lagshuset fekk ei god oppgradering av toalett og inngangsparti og arbeida med avvikling av årsmøte var godt i gjenge. Valkomité var klar med gode kandidatar til styre og nemnder, årsmøte vart annonsert og saker frå årsmøte i 2019 vart utreia og klargjort, da var og årsmeldinga for 2019. Tidleg i mars byrja utbrotet av Covid-19 å få slike dimensjonar at norske myndigheiter valde ei omfattande nedstenging av landet samtidig som ein sterkt oppfordra kvar og ein til å vurdera heimekarantene. Reglar og antall for kor mange som kunne samlast vart fastsett og 12 mars vart styret i RBL nøyd til å ta avgjersla om å utsetje årsmøte som skulle haldast 19 mars. Dessverre er det ikkje mykje ein kan gjer med pandemien utover å fylgje dei råda ein fekk frå FHI, Stord kommune og regjering. Om det vert råd vil årsmøte bli halde til hausten, viss ikkje vil mest truleg dagens styre og nemnder bli sitjande til 2021. Saker som kjem til behandling vert no for ein stor del handsama via digitale plattformer eller på e-post, økonomien er sunn og styret fungerer som det skal men ordinære møter vert ikkje halde. Styret har valt å leggja til rette for avvikling av dugnad for medlemar på eiga hand noko som fungerer greitt om en ikkje optimalt. Kaffi og kjeksdrøs uteblir. Subliften vert køyrt på same måte no som før og vårpuss av båtar ser ut til å gå sin vante gang for dei fleste av oss.

Ei stor takk til alle dykk som tek nødvendig hensyn for å unngå smittespreiing i hamna. Vil og retta ei kjempe stor takk til alle dykk som fortset å køyra sublift, lesa av straum på bryggene, sørgje for god orden i hamna, styre dugnad og gjer fortløpande nødvendig arbeid i til beste for alle medlemane i Rommetveit Båtlag. Ei stor takk til dei eg er heldig og har med i styre og nemnder for at dykk fortsett arbeida til tross for at ein eigentleg er godt på overtid i rolla.

Ønskjer dykk alle får ein flott og trygg båt sommar i eit strålande sommar ver no når syden vert einsbetydande med Løkjelsøy eller Ilholmane!

GOD SOMMAR

Blogg 1, November 2019

Å vera leiar og aktiv i Rommetveit Båtlag er gjevande. Her får ein røynt seg på alt i frå å planleggje og setje i verk små og store «nye» prosjekt i hamna, til å vera med å planleggja fortløpande vedlikehald av anlegget pluss mykje, mykje meir. Styret samlast 1 gong i månaden og diskuterer og løyser små og store utfordringar slik at brukarar av 420 båtplassar og 550 medlemar kan nytta hamna på ein trygg og god måte heile året gjennom. For å få nødvendig god drift til så er det utruleg kjekt at so mange vel å nytta delar av fritida si til å på dugnad vera subliftførar, styra fortløpande dugnadsarbeid tysdagar, torsdagar og laurdagar, stå for utleige av lagshuset og delta i dei ulike komitéar og utval. Totalt er det 20 personar som er valt inn i styre og komitéar. Ein anna viktig ressurs Rommetveit Båtlag har er dei medlemane som stiller på dei obligatoriske 5 timane dugnad kvar båtplasseigar skal utføra gjennom året. Totalt vert det utført meir en 1150 timar med dugnad som elles måtte dekkast inn ved å leiga tenester med den meirkostnad kvart medlem då måtte ha dekka inn. Da er sjølvsagt ingen reglar som seier at ein ikkje kan utføra meir en 5 timar dugnad, båtlaget har heile tida små og store arbeidsoppgåver som skal utførast.

For dei som likar å drøsa om laust og fast så kan ein anbefala å stilla i lagshuset på oppgjevne dagar og tider for ein kaffitår og ei god «lygestund», trur dei fleste lokale og storpolitiske problema kunne vore løyst i detta selskapet.

Brått går hausten øve i vinter. Husk at om båten skal på land så må da gjerast før snø og is stengjer for trygt opptak. Sørg for stramme fortøyingar gjennom vinteren, sjekk at du har rett type straumkabel kobla til land og for all del ikkje gløym å aus båten. Har du vatn eller andre væsker som kan frysa om bord så kan da vera lurt å tømma desse. Kjøleskap og beredar for varmt vatn som går på straum treng du truleg ikkje ha på om vinteren. Til dei som har seilbåt: - barduner i master må strammast slik at me opprettheld eit godt naboskap til bebuarar i området.

For dei fleste får ein ønskja velkomen at når våren kjem, til dykk andre meir hardbarka så får ein nemna at sjøen er kald om vinteren…..

Vedlikehalds leiars blogg

Vedlikehaldsleiaren planlegg og set i verk arbeid for å halda det tekniske anlegget i hamna i orden. Han administrerer dugnadane og skal syta for at dugnadslistene vert innlevert til økonomileiaren.

Båtlaget er organisert som ei ideell foreining med formålet å driva båthamna til beste for medlemmene basert på friviljug innsats. Dette får me til ved å jobba saman på dei oppgåvene som er for store for kvar einskild. Blant medlemmene finn me folk frå alle yrker og med gode kvalifikasjonar. Dette gjer at dei fleste oppgåvene greier me å utføra sjølv, medan større jobbar lyt setjast ut til lokale firma. Dette bidreg til verdiskaping for medlemmene sine båtplassar. Båtlaget bidreg og til verdiskaping i kommunen gjennom eigedomsskatt.

Det er mi von at denne gode måten å driva hamna på vil fortsetja i framtida til gagn og glede for oss alle.

Stein

 

img_0294
img_3185

Havnesjefens blogg

Hamneleiars oppgaver bl.a.å ha god oversikt over hva som skjer i hamna. At medlemmene holder seg til regler som gjelder som f.eks.utstyr på brygger,strømkabler,fortøyning,feilparkering m.m .Kontroll med kameraovervåking. Utdeling av brikker til bommen. Svare på mailer .

Styremøter hver mnd

Møter med hamnekommite etter behov.

 

Svein

img_1809