Rommetveit Båtlag Referat frå årsmøtet i 2019 Skriv ut
mandag 18. mars 2019 11:54

 

Rommetveit Båtlag Referat frå årsmøtet i 2019

 

Årsmøtet vart halde i båtlagets eige lokale
14.03.2019 kl. 18:30. Det var 31 frammøtte medlemmer.

 

1. Opning:                                                                                                                                                 

Møtet vart opna ved styreleiar som ynskte alle velkomen.

 

2. Val av møteleiar og referent:   

Johnny Berge Olsen vart vald som møteleiar og Øyvind Bie som referent.                                                                                                               

 

3. Godkjenning av innkallinga:   

 Innkallinga vart godkjend.                                                                                                 

 

4. Godkjenning av sakslista:

Sakslista vart godkjend.                                                                                                        

 

5. Val av to medlemmer til å underskrive protokollen:

Odd Magne Agdestein og Råmund Rommetveit.                                                                        

 

6. Årsmeldinga:

Årsmeldinga vart lese opp i møtet og godkjent.

7. Rekneskap 2018: 

 Økonomi ansvarleg Steinar Jæger gjorde greie for Resultatrekneskap, Balanse, Avskrivingar og likviditetsbudsjett. Rekneskapen vart godkjend av eit samla årsmøte.

 

 8. Vedtektsendringar, forslag:                                                                                                                

 

To innkomne forslag til vedtektsendringar:

 

Forslag 1

Lagshuset:

Lagshuset er ein del nytta til samkomer som dåp, konfirmasjonar, åremålsdagar osv.

Dei ulike nivåa i første etasje gjer at aktuelt areal er noko redusert.

Eg vil derfor gjera framlegg om at arealet i første etasje vert bygd saman til eit nivå, gjerne kombinert

med oppgradering av kjøken, og at årsmøtet gjev styret fullmakt til å gå vidare med dette.

26.02.2019

Odd Magne Agdestein

Det blei vedtatt med 27 stemmer (31 Frammøte) at styret skal utreia ombygging av 1.etg. Sjå på ulemper og fordelar med ei slik ombygging. Leiar opplyste at oppgradering av kjøken er inne i budsjettet for 2019

 

Forslag 2

Heilårs lagring av båtar på land, samt oppsett av provisoriske naust innan forbi skalsikringa på RBL sitt område

Styret opplever aukande tal på båtar som står plassert på land over lang tid. Samt at ymse typar

“naust” som kan være plastteltet eller stillas med presenningar blir bygd. Også tilhengarar utanom

oppmerka området er eit aukande problem.

Av dei som har tatt kontakt med representantar for båtlaget er årsakene, reparasjonar, ombygging/-

restaurering eller at båt er for sal. Som regel med planlagt kort horisont. Det er og dei som ikkje tar

kontaktar eller tar kontakt etter at båten er plassert og midlertidig «naust» er satt opp.

RBL har også utfordring med båteigar i ein vanskeleg livssituasjon som har båten plassert på land. Her vil styret bruka skjøn og vurdera tiltak i kvart enkelt tilfelle.

Styret ønsker å fremja følgande forslag til årsmøte:

- Alle båtar skal være sjøsett innan 15 juni kvart år. Krybber skal demonterast og fjernast frå

RBL sitt område. «Naust» bygg med presenningar eller anna temporært bygningsmateriale

skal fjernast innan same dato. Båthengarar skal kunn plasserast innanfor oppmerka område,

båthengaren skal være merka med namn, medlemsnummer, registrerings nummer og

telefonnummer. Her er det første mann til mølla prinsippet som gjeld. Det er ingen rettighet

å ha båthengar lagra i hamna.

Forslag til sanksjoner og kostnader ved brot på desse reglane:

1. Båtar på land etter 15 juni 2019, vil bli fakturert kr 1500,- kr pr. påbegynt månad til første

sjøsetjing*

2. Temporære bygg utan båt vil bli demontert og kassert for eigars rekning, 4 veker etter skriftleg

varsel er sendt.

3. Temporære bygg med båt vil bli fakturert kr 2500 pr. månad til båt er sjøsett og bygg fjerna

4. Båthengarar utanfor oppmerka område, - her vil eigar bli forsøkt identifisert og kontakta for å få

ordna tilhøve på tilvist plass, eller eigar må finna lagringsplass utanfor RBL si skalsikring.

*Styret vil handsama dispensasjons søknad for punkt 1. Havari, alvorleg sjukdom kan være eksempel på at dispensasjon kan bli innvilga for eit avtalt tidsvindauga.

 

Forslag vedtatt med 24 røyster for. (31 Frammøte)

 

9. Kontingent, avgifter, innskot, verdi av båtplassar, etc.:                                                                  

 Vert uforandra på 2016 nivå.

 

10. Budsjett 2019:                                                                                                                             

Orientering om budsjett for 2019 vart gjennomgått og godteke. 

 

11. Val:

 

Leiar: Johnny Berge Olsen, attvald

 

Økonomi leiar/nestleiar: Steinar Jæger, attvald

Sekretær: Øyvind Bie, ikkje på val

Hamneleiar: Svein Onarheim, attvald

 

Tiltaksleiar: Kjetil Sele, ikkje på val

 

Vedlikehaldsleiar: Stein Stendahl, ikkje på val

 

Varamedlemmer til styret: Bjarne Engevik, Gunnar Førland og Gisle Oma vart attvald.

 

Arrangementskomité:, Kari Aas, Ernst Wilhelmsen og Ninni Alice Botnen Nesbø. Vart attvald. Ny inn er Tove Catrin Aas Lindahl

 

Hamne komité: Bjarne Engevik, Gunnar Førland, Gisle Oma, Tore Østrem og Odd Magne Agdestein. Alle attvald

 

Hus leiar: Margunn Liv Oma Attvald

 

Revisorar: Sigurd T. Bendixen attvald, Reidar Holsen ikkje på val

 

Valkomité: Leiar Råmund Rommetveit attvald. Medlemer Helge Steffensen & Øyvind Bie attvald