Referat årsmøte 2013 Skriv ut
fredag 14. juni 2013 21:14


Rommetveit
Båtlag

Referat
frå årsmøtet i 2013

Årsmøtet vart halden i Samhald den
14.03.2013 kl. 19:00. Det var 34 frammøtte medlemmer.

1.Opning av møtet ved styreleiar
Hans Aarbø som ynskte alle velkomen.

2.Val av møteleiar: Hans Aarbø
vart vald. Val av skrivar: Stein Stendahl vart vald.

3.Godkjenning av innkallinga: Innkallinga
vart godkjend utan kommentarar.

4.Godkjenning av sakslista: Sakslista
vart godkjend utan kommentarar.

5.Val av to medlemmer til å
underskrive protokollen: Karsten Tyse og Ole Fjæra vart vald.

6.
Årsmeldinga: Årsmeldinga
var sendt ut på førehand og vart ikkje lese opp i møtet. Styreleiaren
presiserte at alle medlemmer har plikt til å setja seg inn i vedtektene og
hamnereglane og fylgja dei.

Det er eigar av
båtplassar som er ansvarlig for at leigetakar også gjer dette.

7.Årsmeldinga vart godkjend utan
merknader.

8.Rekneskap 2012: Håkon
Beltestad gjorde greie for Resultatrekneskap, Balanse, Avskrivingar og
likviditetsbudsjett med likviditetsanalyse, og viste samanliknande
statistikkar.             Rekneskapen vart godkjend av årsmøtet utan
kommentarar.   Det vart frå salen gjeve
honnør til rekneskapsføraren for framifrå arbeid med rekneskapen og budsettet.

9.Vedtektsendringar, forslag: Det
var ikkje kome inn forslag til endringar av vedtektene eller andre forslag.

10.Kontingent, avgifter, innskot,
verdi av båtpassar, osb.:
Styret hadde framlegg om å halda medlemskontingent og plassavgifter på same nivå som i
fjor.  Verdien på båtplassane skal  justerast etter konsumprisindeksen. Dette har
ikkje vorte utført sidan alle båtplassprisane vart oppjustert i utbygginga. Det
vart vedteke at plassane skal justerast etter indeksen for dei to åra som er
gått, og sidan kvart år. Dette skal og gjelda verdien av bodene.

11.Budsjett 2013:
Budsjettet for inneverande år vart gjennomgått og godteke.  Det vart noko ordskifte om leigetakstar på å
lagra joller på planen, og det kom fram synspunkt på at det måtte verta
rettferd i dette ved å og å senda rekning til dei jollene som ligg gratis innst
i hamna mellom molo nord og A-brygga, og at og båthengjarane skal betala
plassleige.  Styret framheva at vedtaket
om avgift for langtidslagring av små og store båtarpå land, og  tomme hengarar, vart gjort i Årsmøtet i2010.
Det er først i haust styret har starta effektuering av dette, og at ein vil
fortsetta med hengarar til våren.

12.Val: Dei framlegga som vart lagd
fram av valnemnda vart samrøystes vedteke.
Fylgjande personar utgjer no
styret,  sit i komitear og andre
verv:
Leiar: Hans Aarbø, attval – Økoleiar/nestleiar: Alf Martin Wikdahl, ny. –
Sekretær: Egil Bergesen, ikkje på val. – Hamneleiar: Svein Onarheim, attval. –
Tiltaksleiar: Jan K. Oma, ikkje på val. – Vedlikehaldsleiar: Stein Stendahl,
ikkje på val.

Varamerdlemmer til
styret: Bjarne Engevik, Gunnar Førland og Gisle Oma vart attvald.

Arrangementskomite: Ernst
Wilhelmsen, Kari Aas, Ingrid Johanne Eskeland vart attvald.

Hamnekomite: Bjarne
Engevik, Gunnar Førland og Gisle Oma vart attvald, medan Arild Slaalie vart
nytt medlem.                                                                                                                              

Husleiar:
Til ny husleiar vart vald Ole Fjæra etter Oddvar Lauksund.

Revisorar: Sigurd T.
Bendixen vart attvald, medan Reidar Holsen ikkje var på val i år.

Valkomite: Råmund
Rommetveit, leiar, og Helge F. Steffensen vart attvald, medan Øyvind Bie vart
nytt medlem.

13.Avslutning:Møteleiaren takka på vegne
av dei frammøtte alle dei som slutta i sine verv for framifrå arbeid og ynskte
dei nye vekomne.  Møtet vart heva kl.20:45.

Stord,
14.03.2013

Stein Stendahl

.