Arkiv
Referat frå årsmøtet i 2017 PDF Skriv ut E-post
torsdag 30. mars 2017 16:09

Rommetveit Båtlag Referat frå årsmøtet i 2017

 

Årsmøtet vart halde i båtlagets eige lokale
17.03.2017 kl. 18:30. Det var 31 frammøtte medlemmer.

 1. Opning:                                                                                                                                                

 Møtet vart opna ved styreleiar som ynskte alle velkomen.

2. Val av møteleiar og referent:                                                                                                                  

Johnny Berge Olsen vart vald som møteleiar og Øyvind Bie som referent.

3. Godkjenning av innkallinga:                                                                                                      

Innkallinga vart godkjend

4. Godkjenning av sakslista:                                                                                                          

Sakslista vart godkjend.

6. Årsmeldinga:                                                                                                                              

Årsmeldinga vart lese opp i møtet og godkjent.

7. Rekneskap 2016:     

Steinar Jæger gjorde greie for Resultatrekneskap, Balanse, Avskrivingar og likviditetsbudsjett.                                                         

Rekneskapen vart godkjend av eit samla årsmøte.

 8. Vedtektsendringar, forslag:                                                                                                                

 Det var to innkomne forslag til vedtektsendringar:

 SAK 1

 Når rekningar ikkje vert betalt to år etter kvar andre, og medlemmar i denne forbindelse ikkje er mogeleg å finna og/eller få i tale, så vil eg føreslå fylgjande til årsmøtet: Folk som ikkje har gitt lyd frå seg på to år, eller som me i denne tida ikkje har klart å få eit svar angåande ikkje betalt rekningar, - Dei kan me stryka som medlemmer, dei mister og sitt medlemsskap samt ansiennitet.
Vedteke ved akklamasjon

 SAK 2

 Dugnad skal jobbast for kvar einskild heil båtplass eit medlem eig. Dersom ein i tillegg eig jolleplass, så er denne friteken for dugnad. Dette gjeld f.o.m. dugnadsåret 2017

.Saka blei gjenstand for noko diskusjon og vart avgjort ved handsopprekking. 25 stemte for og 6 i mot .

9. Kontingent, avgifter, innskot, verdi av båtplassar, etc.:     

Vert uforandra på 2016 nivå

10. Budsjett 2017:

Budsjettet for 2017 vart gjennomgått og godteke.

11. Val:

Dei framlegga som vart lagd fram av valnemnda vart samrøystes vedteke.
Fylgjande personar utgjer no styret, sit i komitear og andre verv:

Leiar: Johnny Berge Olsen, attvald

Økonomi leiar/nestleiar: Steinar Jæger, attvald

Sekretær: Øyvind Bie, ikkje på val

Hamneleiar: Svein Onarheim, attvald

Tiltaksleiar: Kjetil Sele, ikkje på val

Vedlikehaldsleiar: Stein Stendahl, ikkje på val

Varamedlemmer til styret: Bjarne Engevik, Gunnar Førland og Gisle Oma vart attvald.

Arrangementskomité: Ernst Wilhelmsen ønskte ikkje attval, Kari Aas, Ingrid Johanne Eskeland vart attvald. Ny: Marit Vatne

Hamne komité: Arild Slålie ønskte ikkje attval, Bjarne Engevik, Gunnar Førland, Gisle Oma, og Tore Østrem vart attvald. Ny: Ole Fjæra

Hus leiar: Margunn Liv Oma

Revisorar: Sigurd T. Bendixen attvald, Reidar Holsen ikkje på val

Valkomité: Leiar Råmund Rommetveit ikkje på val. Medlemer Helge Steffensen & Øyvind Bie attvald

12. Avslutning: Møteleiaren retta og ei stor takk og hadde med blomebukett til avtroppande Hamne komité medlem Arild Slålie og Tiltaks komité medlem Ernst Wilhelmsen. Det blei informert om at laget har 182 medlemar på Facebook og at dette er hovud informasjons kanalen for laget. Det vart og informert om at Strandryddegjengen får 5t x 6 medlemar sin dugnad for i år å rydde strender på Tveiteøyane og eventuelt langs strender på Nuen sida av Huglo.



 

 



 

 



 


 


 


                                                                                                                                                       

                                                                                                                            

 

                                                             




 

                                                                                                                            

 
Innkalling til Årsmøte PDF Skriv ut E-post
tirsdag 21. februar 2017 18:27

http://xn--rommetveitbtlag-rlb.no/logo.gifRommetveit Båtlag

 

Innkalling til Årsmøte

 

     Tid: 16.03.2017 kl. 18.30

                                          Stad: Båtlagshuset

 

Sakliste:

 

1       Opning

2       Val av møteleiar og referent

3       Godkjenning av innkalling

4       Godkjenning av sakslista

5       Val av to medlemmer til å underteikna protokollen.

6       Årsmelding.

7       Rekneskap 2016

8       Vedtektsendring, framlegg.

9       Kontingent, avgifter, innskot, verdi av båtplassar, etc.

10     Budsjett 2017

11     Val

12     Avslutning

 

 

 

Saker som medlemer vil ha handsama,

må vera styret i hende seinast 03.03.2017

 

Styret

 

 
DUGNAD Hausten 2014 PDF Skriv ut E-post
torsdag 20. mars 2014 01:00

Husk dugnad :

Oppstart veke 36

Dugnad kvar tysdag og torsdag frå kl 1700 til 1930 og laurdagar frå 10:00 til 15:00.

Siste dugnadsdag før summarferien vert laurdag 14.06

Møt fram! Vi har mykje som skal gjerast!

Ring vedlikehaldsleiar 902 95 535 dersom du har spørsmål 

 

Hamneleiar

 
Innkalling til Årsmøte PDF Skriv ut E-post
onsdag 26. februar 2014 14:34

Tid: 20.03.2014 kl. 18.30
Stad: Båtlagshuset

Sakliste:

1 Opning
2 Val av møteleiar og referent
3 Godkjenning av innkalling
4 Godkjenning av sakslista
5 Val av to medlemmer til å underteikna protokollen.
6 Årsmelding.
7 Rekneskap 2013
8 Vedtektsendring, framlegg.
9 Kontingent, avgifter, innskot, verdi av båtplassar, etc.
10 Budsjett 2014
11 Val
12 Avslutning

Saker som medlemer vil ha handsama, må vera styret i hende seinast ei veke før møtet.

Styret

 
Dugnad PDF Skriv ut E-post
onsdag 01. mai 2013 14:53

Dugnaden framover vert

torsdag  1700 - 1930

laurdag  1000 - 1500

Første gong torsdag 4.mai