Oppslag: Skriv ut
mandag 22. oktober 2012 12:58

Krav til landstraumkablar for båtar tilkopla straumuttak i Rommetveit Båtlag si hamn.

Utdrag frå hamnereglane:
”Offentlege krav fører mellom anna til at alle må ha landstraumkabel med fylgjande spesifikasjon: HO7RN-F 750V 3 x 2,5 mm2 (Ekstra sterk verkstadkabel) eller tilsvarande godkjend kvalitet. (kontakt elektrikar, elektrofirma, eller elforretning for tips). Kablane skal vera i ei lengd. Det er ikkje lov å ha to skøytekontaktar etter kvarandre. Ikkje godkjende kablar kan verta fjerna av hamneleiinga.”

Elektrisitetstilsynet har vore på befaring i hamna i byrjinga av oktober 2012 og funne mange landstraumkablar som ikkje er av godkjend type. Båtlaget har fått skriftleg pålegg om å sjå til at desse vert fjerna og byta ut med nye av rett type. Det er båteigaren sitt ansvar å ha rett kabel til båten etter både hamnereglane og dei offentlege påboda.

Styret i RBL oppmodar alle båteigarar som har landstraum om å sjekka at dei har godkjend kabel, og at dei kablane som ikkje er av rett type vert byta ut.
RBL kjem til å gå runde og sjekka at dette vert gjort. Det vert sett mangellapp på kablar som ikkje fyller krava. Dersom dette ikkje vert ordna av båteigaren innan 14 dagar frå mangellapp er påsett, har RBL heimel i eltilsynslova og i hamnereglane til å fjerna ulovlege kablar. Båtane kan då utan meir varsel verta straumlause.
Hamneleiaren.

Last ned dette som oppslag