Referat Årsmøte 2016 Skriv ut
fredag 10. juni 2016 14:37

 

Rommetveit Båtlag Referat frå årsmøtet i 2016

Årsmøtet vart halde i båtlagets eige lokale 
17.03.2016 kl. 18:30. Det var 31 frammøtte medlemmer.

 

1. Opning:                                                                                                                                                 

 Møtet vart opna ved styreleiar som ynskte alle velkomen.

2. Val av møteleiar og referent:  

Johnny Berge Olsen vart vald som møteleiar og  Øyvind Bie som referent.

3. Godkjenning av innkallinga:                                                                                                      

Innkallinga vart godkjend 

4. Godkjenning av sakslista:

Sakslista vart godkjend

5. Val av to medlemmer til å underskrive protokollen:                                                                         

Råmund Rommetveit og Ole Fjæra vart vald.

6. Årsmeldinga:  

Årsmeldinga vart lese opp i møtet og godkjent

7. Rekneskap 2015

Steinar Jæger gjorde greie for Resultatrekneskap, Balanse, Avskrivingar og likviditetsbudsjett.  .                                                            

Rekneskapen vart godkjend av eit samla årsmøte

8. Vedtektsendringar, forslag

Det var ikkje kome inn nokon forslag til  endringar av vedtektene

Kontingent, avgifter, innskot, verdi av båtplassar, etc.: 

Styret hadde framlegg om auka plasskontingenten med omlag 10 %. Benkeforslag kom på ytterligare auke og  etter avstemming samle årsmøte seg på ein auke på om lag 15 %

10. Budsjett 2016:  

Budsjettet for 2016 vart gjennomgått og godteke.

11. Val

Dei framlegga som vart lagd fram av valnemnda vart samrøystes vedteke.
Fylgjande personar utgjer no styret, sit i komitear og andre verv:

Leiar: Johnny Berge Olsen, attvald

Økonomi leiar/nestleiar: Steinar Jæger, Ikkje på val
Sekretær: Øyvind Bie, attvald
Hamneleiar: Svein Onarheim, ikkje på val

Tiltaksleiar: Kjetil Sele  

Vedlikehaldsleiar: Stein Stendahl, attvald

Varamedlemmer til styret:  Bjarne Engevik, Gunnar Førland og Gisle Oma vart attvald.

Arrangementskomité: Ernst Wilhelmsen, Kari Aas, Ingrid Johanne Eskeland vart attvald.

Hamne komité: Bjarne Engevik, Gunnar Førland, Gisle Oma, Arild Slålie og Tore Østrem vart attvald

Hus leiar: Margunn Liv Oma, ny

Revisorar:  Sigurd T. Bendixen ikkje på val, Reidar Holsen attvald

Valkomité: Leiar  Råmund Rommetveit ikkje på val. Medlemer Helge Steffensen & Øyvind Bie attvald 

 

12. Avslutning: Møteleiaren retta og ei stor takk med ein blomsterbukett  til avtroppande tiltaksleiar Jan Oma og Sub lift sjåfør Ole Fjæra. Det blei informert om at lage har 144 medlemar på Facebook og at dette er hovud informasjons kanelen for laget. Det vart og informert om at Strandryddegjengen får 5t x 6 medlemar sin dugnad for i år å rydde strender på Tveiteøyane og event langs strender på Nuen sida av Huglo.