Dugnadar
Dugnadsreglar PDF Skriv ut E-post
tirsdag 08. februar 2011 09:57

Gjeldande frå årsmøte 1998

 

Formål:

Dugnadsreglar er innført for å fordela arbeidsoppgåvene for drift og vedlikehald av Sævarhagsvikjo båthamn.

 

Kven skal gjera dugnad?

Alle som har kjøpt seg inn i båthamna og som disponerer ein eller fleire båtplassar.

 

Kor mykje dugnad?

·       Årleg dugnad: minst 5 timar i året

·       Eingongs-dugnad: 30 timar dei første tre åra (i tillegg til årleg dugnad)

·       Ei veke vakt godskrivast med 5 timar

 

Korleis gjennomføra dugnaden?

All aktivitet som er tilrettelagt av dugnadsleiar eller andre i styret skal godskrivast etter medgått tid. Timar utover 5 timar vert godskrive eingongs -

dugnaden til denne er gjennomført. Aktivitetar som er vanskelig å tidsavgrensa, skal fastsetjast av styret.

Utført dugnad gjelder frå årsskifte til årsskifte.

·       Medlem av styret, varamedlem til styret og medlem i hamne- og tiltakskomité, godskrivast årleg dugnad pluss 10 timar av eingongs - dugnaden som kompensasjon for møteverksemd

·       Medlem av valkomiteen og revisorane godskrivast årleg dugnad(5 timar)

 

Fritak for dugnadsplikt:

1.     Medlemmer med båtplass som ikkje utfører dugnaden vert fakturert med ei timesats som årsmøtet vedtar.

.

2.     Styret kan frita eit medlem for dugnad om serskilte omsyn tilseier det.

 

ROMMETVEIT BÅTLAG