Frå styret
SubLift PDF Skriv ut E-post
fredag 11. april 2014 06:36

  Prisar  ved bruk av SubLift 2014

(Rev juni 2018)

Land- eller  sjøsetting:

Båt opp til  24'................................ .......................kr. 250,-

Båt frå 25' til og med 30':    .................................   kr. 325,-

Båt frå 31' til og med 35':    .................................   kr. 400,-

Båt frå 36' til og med 40':    .................................    kr. 450,-

Båtar over 40':                      ...............................    kr. 1.000,-

Prisane gjeld under føresetnad av at
reingjering  i lift vert utført straks
båten er komen på land,  og vert fullført
i løpet av maks. 20 min.

Opptak eller uttak kan betalast med VIPPS til Rommetveit Båtlag på 524109, mrk: «RBL båtopptak» eller «RBL båtutsetjing».

Hugs dato og namn, samt å syna kvittering på telefon til subliftførar.

 

Båtar som vert teke opp kun for
synfaring , kan hengja i Sub-Lift i inntil 30 min. for listepris.

Tilleggspris ved "utrykking" med SubLift
(skadar, havari og liknande).

Førar
av subLift vurderer eventuelle tillegg til listepris i kvart einskild høve.

Ansvar:

Båteigarer sjølv ansvarleg for eventuelle skadar på eigen båt ved bruk av SubLift og
ved lagring på land.  Det er difor ein
føresetnad at  båteigar har naudsynt forsikring
som dekkjer slike forhold.

Førar av Sub-lift pr . juni 2018:      

Nelly Karin Oma            mob 975 26 516      (måndagar)

Bjørn Rune Larsen        mob 906 13 009       (tysdagar)

Karsten Tyse                  mob 472 70 145       (torsdagar)

Lars Magne Auestad     mob 959 47 351

Hallgeir Koløy               mob 480 78 953

Vidar Johnsen               mob 920 48 207

 

Opptak eller utsetjing av båt skal avtalast på telefon (ikkje SMS) med sublift-førar på førehand, dvs minst mogleg «drop in».

Hugs å ha båtkrybba klar.

 

HAMNELEIAREN

 
Oppslag: PDF Skriv ut E-post
mandag 22. oktober 2012 12:58

Krav til landstraumkablar for båtar tilkopla straumuttak i Rommetveit Båtlag si hamn.

Utdrag frå hamnereglane:
”Offentlege krav fører mellom anna til at alle må ha landstraumkabel med fylgjande spesifikasjon: HO7RN-F 750V 3 x 2,5 mm2 (Ekstra sterk verkstadkabel) eller tilsvarande godkjend kvalitet. (kontakt elektrikar, elektrofirma, eller elforretning for tips). Kablane skal vera i ei lengd. Det er ikkje lov å ha to skøytekontaktar etter kvarandre. Ikkje godkjende kablar kan verta fjerna av hamneleiinga.”

Elektrisitetstilsynet har vore på befaring i hamna i byrjinga av oktober 2012 og funne mange landstraumkablar som ikkje er av godkjend type. Båtlaget har fått skriftleg pålegg om å sjå til at desse vert fjerna og byta ut med nye av rett type. Det er båteigaren sitt ansvar å ha rett kabel til båten etter både hamnereglane og dei offentlege påboda.

Styret i RBL oppmodar alle båteigarar som har landstraum om å sjekka at dei har godkjend kabel, og at dei kablane som ikkje er av rett type vert byta ut.
RBL kjem til å gå runde og sjekka at dette vert gjort. Det vert sett mangellapp på kablar som ikkje fyller krava. Dersom dette ikkje vert ordna av båteigaren innan 14 dagar frå mangellapp er påsett, har RBL heimel i eltilsynslova og i hamnereglane til å fjerna ulovlege kablar. Båtane kan då utan meir varsel verta straumlause.
Hamneleiaren.

Last ned dette som oppslag

 
Vedtak på årsmøtet PDF Skriv ut E-post
onsdag 25. april 2012 19:23

Vedtak på årsmøtet 2012

- Det blir innført årsavgift på alle halvplassar, størrelse på båt skal her vera maks 16 fot.

- Bruk av Sublift og lagring av båtar på land, skal kun vera eit tilbod til dei som disponerer båtplass i hamna.

Meldingar frå styret:

- All lagring av båtar( både store og små), hengarar og utstyr skal avtalast med hamneleiar
eller hans representant. Lagring skal skje på tilvist plass, og merkast med båtplassnr., namn og tlf. nr.

- Erfaring med auka risiko for uhell ved bruk av sublift til store båtar, medføre at
storleiken  på båtar her blir avgrensa til maks. 39 fot