Hamnereglar PDF Skriv ut E-post
tirsdag 08. februar 2011 22:13

ROMMETVEIT  BÅTLAG

 

H A M N E R E G L A R

                                                                                                            01.01.2011

    

1      HAMNA

 

Kvart medlem er ansvarleg for at hamna er ryddig, og pliktar å sjå etter at båten flyt og er rett fortøyd. Kvart medlem er ansvarleg for at båtkrakkar og båthengjarar vert sett på tilvist plass. Alle skal rydda opp etter seg.

Medlemmer som har båtplass har førsterett til opplagringsplass på land.

Alle båtar som vert sett på land skal stå på tilvist plass. ALLE BÅTAR OG TRALLER SOM STÅR PÅ LAND SKAL MERKAST MED NAMN OG TLF.NR !!

Dette gjeld og båtar på tilhengjarar som du tek opp sjølv. Kontakt hamneleiar eller ansvarleg for sublift.

Medlemmer som eig båtplass kan leiga plassen ut til medlem, utleigaren er ansvarleg for at leigaren er medlem. Dei som leiger plass har samme ansvar/plikter som ein som er eigar.  Utleigar skal fylla ut skjema for utleige og få utleiga godkjent av havneleiar.  

 

 

      2  BOM

 

Medlem med båtplass får brikke til bommen. Vert båtplassen leigd ut til eit anna medlem skal eigaren av plassen gje leigaren brikke.

Brikka skal ikkje lånast ut til nokon som ikkje medlem. Styret kan då kreva brikka attende.

Tap av brikker må meldast omgåande til havneleiar og ny kan kjøpast for 100 kr.

Betalast til båtlaget sin konto i forkant. Kvittering skal visast til havneleiar ved utlevering.

 

 

3  BRYGGER OG UTLIGGARAR

 

Medlemmer kan ikkje flytta utliggarar. Det skal handsamast av styret.

Båtplasseigaren har plikt til å halda flyteelementa sine reine og må melda frå om det er noko gale.

Det skal ikkje liggja fiskereiskap eller anna utstyr/rot på brygger eller utliggarar.

Det er ikkje lov å kasta fiskeavfall i hamna eller i og utaføre moloen.

 

 

 

4  FORTØYNINGAR

 

Fortøyningane skal væra stramme for å minska belastninga på utliggarar, og skal utstyrast med gummidemparar. Om ikkje dette er gjort etter ei åtvaring kan havneleiar/vedlikeholdsleiar utføra dette på eigaren si rekning. Lause tau som ikkje er i bruk skal fjernast frå utliggarane.

 

 

5       OPPTAK/UTTAK MED SUBLIFT

 

Oppslag om dagar for opptak /uttak vert hengt opp på oppslagstavla og ”Subliftbua”.

Ut over dette lyt ein venda seg til Subliftførar for avtale.

Det skal betalast etter gjeldande satsar ( sjå oppslag

 

 

6       ELEKTRISK  ANLEGG

 

 

Båtplasseigar kan kjøpa straummålar og er ansvarlig for at denne er i orden. Eigaren får utlevert ein nøkkel for skap og en for stikkontakten.  Det vert kravd eit depositum for målar.

Eigaren bør lesa av målaren minst to gonger i året for å sikra seg at målaren er i orden. Mistanke om feil må meldast til vedlikehaldsleiar.

Straumen vert lese av i januar/februar. (målaravlesinga vert fakturert båtplasseigar).

 

Offentlege krav fører mellom anna til at alle må ha landstraumkabel med fylgjande spesifikasjon: HO7RN-F  750V   3-2,5 mm2 (Ekstra sterk verkstadkabel) eller tilsvarande godkjend kvalitet. (kontakt elektrikar for tips). Kablane skal vera i ei lengd. Det er ikkje lov å ha to skøytekontaktar etter kvarandre. Ikkje godkjende kablar kan verta fjerna av hamneleiinga.

Opplagsplass på land har straummålarar. Dei vert tildelt av subliftførar eller vedlikehaldsleiar, og vert fakturert separat.

 

 

7       BÅTLAGSHUSET

 

Medlemmer av Rommetveit Båtlag kan leiga huset.  Medlemmet må sjølv vera tilstades under utleige. Medlemmet kan ikkje leiga huset for andre, heller ikkje for nære slektninger. (Eigen kontrakt for husleiga får du hjå husansvarleg).

 

 

 

8       BODER

 

 

Kvar bodeigar har plikt til å ikkje oppbevare ting som luktar, er brannfarlege eller er sjenerande for andre bodeigarar.          

Bensin skal berre oppbevarast på godkjente kanner ( maks 5 liter).

 

Styret saman med eigar kan utføra ein inspeksjon dersom det er mistanke om brot på reglane eller klage frå andre brukarar. Eigarane må retta seg etter styret sine vedtak.

 

 

 

BROT PÅ  HAMNEREGLANE  KAN  FØRA  TIL EKSKLUSJON

 

 

 

 HAMNELEIAR

 

 
Vedtekter PDF Skriv ut E-post
søndag 30. januar 2011 14:38

 

Vedtekter for Rommetveit Båtlag

 

Siste endring i Årsmøtet 15.03.2012 (Endring i §2)

 

§ 1 Føremål

Rommetveit Båtlag skal arbeida for at alle medlemmer og andre med bruksrett skal få ei trygg og funksjonell båthamn. Laget skal arbeida for å skapa eit godt og positivt miljø for friluftsliv og båtsport.

 

§ 2 Medlemskap

I tillegg til einskildpersonar, kan også bedrifter, institusjonar, lag og organisasjonar få medlemskap i Rommetveit Båtlag. Ingen kan møta med meir enn ein representant med røysterett på årsmøtet, sjølv om dei kan få inntil 2 (to) plassar i laget si båthamn.

Både inn- og utmelding av laget skal skje skriftleg - innmeldinga på fastlagd skjema.

Medlemskap kan overførast til ektefelle/sambuar, barn eller søsken. Eit medlem som ikkje rettar seg etter laget sine lover og reglar, kan missa medlemskapen etter styrevedtak. Eit slikt vedtak kan ankast inn for årsmøtet.

Tildeling av ledige båtplassar skjer ved ansiennitet.

 

§ 3 Årsmøte

Årsmøtet skal haldast snarast mogeleg etter årsskiftet og seinast innan31.03.

Skriftleg innkalling skal sendast medlemmene minst tre - 3 - veker før møtedagen og skal annonserast i lokalpressa. Saker som medlemmene vil ha handsama på årsmøtet, må vera styret i hende minst ei veke før møtet.

Årsmøtet vel ordstyrar og referent og skal deretter handsama desse sakene:

- Årsmelding, rekneskap, budsjett,

- Kontingent, avgifter, innskot,

- Dugnadsinnsats

- Verdi av båtplassar,

- Val og innkomne framlegg.

Alle val skal vera skriftleg dersom det er meir enn eitt framlegg på kandidatar til same vervet. Alle medlemmer som har røysterett kan veljast, men dei som alt har eit verv i laget kan be seg friteken. Alle kandidatar må på førehand sei seg villige til å ta imot valet.

Årsmøtesakene vert avgjort med simpelt fleirtal om ikkje vedtektene seier noko anna.

 

§ 4 Omframt årsmøte

Omframt årsmøte skal haldast når styret eller 1/3 av medlemmene krev det.

Innkallinga skal skje på same måte som for ordinært årsmøte.

Omframt årsmøte kan berre handsama saker som ligg til grunn for innkallinga.

Alle vedtak vert gjort etter dei same reglane som for ordinært årsmøte.

 

§ 5 Medlemsmøte

Medlemsmøte skal haldast når styret finn det ynskjeleg. Innkallinga skjer på den måten styret meiner er mest tenleg.

 

 

§ 6 Styret

Rommetveit Båtlag skal ha eit styre på seks - 6 - medlemmer, med tre - 3 – varamedlemmer. Alle vert valde av årsmøtet:

* Leiar (1 år) Kvart år.

* Økonomiansvarleg/Nestleiar (2 år) Kvart oddetals-år.

* Sekretær (2 år) Kvart partals-år.

* Hamneleiar (2 år) Kvart oddetals-år

* Tiltaksleiar (2 år) Kvart partals-år.

* Vedlikehaldsleiar (2 år) Kvart partals-år

Vararmedlemmene har møterett i styret og bør i tillegg ha anna verv i laget:

Desse blir valt kvart år.

Leiaren kallar inn til styremøte minst ei veke før møtet, ein regel som kan fråvikast i hastesaker.

Styret skal stå for den daglege leiinga, og gjera vedtak i saker som ikkje skal avgjerast av Årsmøtet. Alle saker vert avgjort med simpelt fleirtal. Ved likt røystetal er leiar si røyst avgjerande. Styret er vedtaksført når minst tre medlemmer er tilstades. Sekretæren skal føra møtebok for alle styremøte.

Økonomileiaren/Nestleiaren har ansvar for medlemsarkiv, rekneskap, og budsjett, samt vera stedfortreder for leiaren. Han skal også sjå til at vedteke budsjett vert fylgt.

 

§ 7 Andre komitèar og nemnder

Hamneleiaren er også leiar av laget sin hamnekomité på minst 3 medlemmer.

Hamnekomiten skal ha oppsyn med hamna og leia dugnads- tilsynsarbeidet saman med vedlikehaldsleiar. I tillegg har dei oppgåver i samsvar med eige reglement.

Tiltaksleiar er leiar for laget sine tiltak og arrangement og leier arrangementkomiteen

Husleiar har ansvar for dagleg administrasjon av lagshuset og rapporterer til sekretær.

Redaktør har ansvar for laget sine nettsider i tillegg til lagsaviser og anna informasjon

Årsmøtet skal og velja ei valnemnd. Leiaren skal veljast for 2 år, medlemmene for eitt år.

To revisorar skal veljast av årsmøtet for to år om gongen. Dei står ikkje på val samstundes.

Styret kan etablera andre funksjonar til å stå for spesielle oppgåver som dei finn naudsynt for drift av laget. Disse rapporterer til eit av styremedlemmene.

 

§ 8 Kontingent, årsavgift, innskot og dugnad

Årsmøtet skal kvart år fastsetja:

..Medlemskontingenten.

..Årsavgifta for båtplassane.

..Den årlege dugnadsinnsatsen.

..Timepris for ikkje utført dugnad.

..Storleiken på innskot og dugnadsinnsats for tildeling av plass i båthamna.

..Verdien av båtplassar som skiftar eigar.

..1.april er fristen for innbetaling av kontingent og årsavgift.

Viss ikkje kontingent og årsavgift er betalt til båtlaget etter to – 2 purringar, vil det blir sendt eit siste brev rekommandert til medlemmet der konsekvensen blir forklart. Konsekvensen er å bli stroke som medlem av Rommetveit båtlag

 

§ 9 Vedtektsendring

Desse vedtektene kan berre endrast på ordinært eller omframt årsmøte

Framlegg til endringar må vera oppført på sakslista, og krev 2/3 fleirtal frå dei frammøtte medlemmene for å verta godkjende.

 

§ 10 Oppløysing

Rommetveit Båtlag kan berre løysast opp dersom eit årsmøte vedtek det med 2/3 fleirtal. Framlegg til oppløysing må stå på sakslista som går ut til medlemene minst tre - 3- veker før årsmøtet. Dersom oppløysing vert vedteke, skal det haldast omframt årsmøte ein månad seinare. For at laget skal verta oppløyst, må vedtaket stadfestast også her med 2/3 fleirtal.

Ved oppløysing vedtek årsmøtet kva båtlaget sine midlar skal nyttast til. Årsmøtet som vedtek oppløysing, vel eit styre på minst tre -3- medlemer som i samråd med kommunale forvaltningsorgan disponerer midlane.

 

***************************

 

 

 
Instruks for flytting av båtar PDF Skriv ut E-post
torsdag 30. desember 2010 13:58

Dersom båtar må flyttast skal hamnesjefen kontaktast og godkjenne dette.Dersom båtlaget i ein akutt situasjon treng å flytte ein båt av sikkerhetsmessige grunnar eller for å berge båten frå skade, eller for å unngå skade på andre båtar, kan dette gjerast uten først å ha innhenta løyve frå båteigaren. Båteigaren skal varslast snaras mogeleg om flyttinga.

Les mer …
 
Instruks for tildeling av strømuttak på opplagsplass PDF Skriv ut E-post
torsdag 30. desember 2010 13:53

INSTRUKS FOR TILDELING AV STRØMUTTAK PÅ OPPLAGSPLASS.

 

Båtar på tilvist plass på opplagsplanen kan få strøm frå uttaksboksar med strømmålarar. Båteigar må sjølv halde godkjent skjøytekabel.

 

Hamnesjefen eller den han gjev fullmakt til (til dømes dei som køyrer Subliften) kan utlevere nøkkel og tildele kontakt i nærmaste uttaksboks.

 

Den som tildeler strømuttak må lese av målarstand og føre det inn i boka saman med navn og tlf.nr. til leigaren, samt plassnr. på opplagsplassen.

 

Prisen er for tida sett til kr. 1,- pr. KWh. og kan verta justert av styret ved behov.

 

Det vert rekna at kvar båt får til disposisjon 300 Watt, og styret oppmodar medlemmene om å ikkje bruke større varmekjelder enn naudsynt som frostsikring i båtane. Varmekjelder og anna elutstyr skal vera godkjent til sitt bruk. Skjøyteledningar med skader eller av ikkje godkjent type kan fjernast av båtlaget. Eigar skal då varslast om dette anten pr. tlf. eller med lapp på oppkveila ledning.

 

Det skal setjast sperrepluggar i alle ledige uttak. Når ein kontakt er utdelt skal sperrepluggen takast inn på kontoret.

 

Ved utsetjing av båtar frå opplagsplanen skal strømuttaket sin målarstand avlesast og førast inn i boka.

 

Båtar som får strøm frå uttaksboks på sørveggen av klubbhuset eller frå anna uttak utan strømmålar, skal betale ein fast sum for den tida båten treng strøm.

Leiga er for tida kr. 500,- for ein periode på 6 månader.Strømprisen kan justerast av styret ein gong i året.

Det skal sendast rekning til båteigar snarast etter at båten er sjøsett.

 

 Oppretta dato: 11.12.2008 Godkjent av styret dato: 29.04.2010

 

Instruks for tildeling av

strømuttak på opplagsplass

Oppretta dato:

11.12.2008

Godkjent av styret dato:

29.04.2010